Julesanger

Frå Betlehem eit gjetord gjeng

Tekst:
Elias Blix
Melodi:
Ludvig Mathias Lindeman

- 1 -

Frå Betlehem
|: eit gjetord gjeng :|
om kongeson i krubbeseng.
Halleluja, halleluja!

- 2 -

Og englesong
|: og stjerneljos :|
til heimsens endar ber hans ros.
Halleluja, halleluja!

- 3 -

Så vil vi dag
|: me syngja med :|
den songen som Guds englar kved.
Halleluja, halleluja!

- 4 -

Gud vere lov
|: i høgste høgd :|
No er eg glad og sæl og nøgd.
Halleluja, halleluja!

Publisert i henhold til åndsverksloven §40 om opphavsrettens vernetid

Utskriftsvennlig versjon
Send gjerne flere sanger til san...@stille-julenatt.org
Tips en venn: