Stille Julenatt

Sandkaker

Ingredienser

250 g smør eller margarin
190 g melis
1 egg
60 g malte mandlar, skålda eller uskålda
375 g kveitemjøl

Slik gjør du

Rør smør/margarin og melis kvitt. Ha i egg, malte mandlar og kveitemjøl. La deigen stå kaldt natta over. Trykk deigen ut i usmurde sandkakeformer. Steik dei gyldne i ca 15 min ved 180 °C. Kvelv formene på ei plate. Når kakene er litt avkjølte dett dei ut av formene av seg sjølve. Dersom vi må hjelpe til, må vi berre trykkje lett på formene.